Kva har Chet Bakers vestkyst-sound med norsk lyrikk å gjøre? Ikkje så lite, faktisk. Fleire års opphald i Skandinavia på 80-talet førte til at Chet sjølv samarbeida med ei rekkje norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeidet "Blåmann! Blåmann!" med Jan Erik Vold - ein ruvande skikkelse i norsk diktarkunst, som óg har bidrege med gode innspel til gjendiktingsarbeidet.
Når så kvintetten "BAKER HANSEN" tek opp denne arven, er det låter frå Chet Bakers repertoar som har fått fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekster, gjendikta av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. At tekstane er på vårt eige språk gir publikum anleiing til å møte denne musikken på nært hald, og høyre med "nye øyre" på klassikarar frå standardrepertoaret. Konsertopplevinga vil pregast av at publikum gjenoppdager kjente melodiar som There will never be another you og My funny valentine, eller sagt med Baker Hansen sine ord, "Aldri finn eg ei nett slik som deg" og "Min fine hjarteven". Og kva for klassisk jazzlåt skjuler seg bak tittelen "Eg vert så lett forelska"?
Besetninga på 5 er eit knippe musikarar frå det yrande jazzmiljøet i Oslo, og representantar for ein ung og spennande generasjon utøvarar på den norske jazzscena, med ei rekkje betydelege samarbeid i bagasjen.
Bandmedlemmene har hatt gleden av å spille med artister som Tomasz Stanko, Dave Friedman, Ralph Alessi, Jon Christensen m.fl.